HELSENORGE

Informasjon om ALIS

Allmennlegar i spesialisering (ALIS) i Helse Vest 


Utdanning av allmennlegar skjer òg i sjukehusa. No er det lansert ein ny portal for å registrera tilgjengeleg tid for spesialistutdanning for allmennlegar - ALIS portal. 


Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa er heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar og allmennlegar får med seg viktig kompetanse og forståing frå erfaring i sjukehusa. Det er no eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering. 


Helseføretaka må òg synliggjere denne spesialiseringa i sjukehusa og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein formålstenleg og god måte. I eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta – ALIS-kontora har ein kome fram til ein felles modell som skal styrkja allmennlegerolla gjennom gode og planlagde utdanningsløp for spesialisering i allmennmedisin. Ei arbeidsgruppe med ressursar frå fagmiljøet har, i samarbeid med Helse vest IKT, utarbeidd ein portal for å synleggjera tilgjengeleg tid for den delen av utdanninga som skal skje i sjukehusa. 


Slik ser portalen ut. I denne portalen kan sjukehusavdelingane legga ut stillingar som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og leger i allmennlegespesialisering kan melda seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»). 


Videreutdanning for allmennlegespesialister (ihelse.net)

ALIS portalen

Retningslinjer ALIS-portal


Sjukehusa følgjer opp med å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS-spesialisering. Det kan til dømes vera tid der eigne medarbeidarar har planlagde permisjonar, slik at ALIS-legane får tilsetjing i avtalt periode. Det vil sjølvsagt krevje god planlegging i sjukehusa og god medverknad frå ALIS-legane for å få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennlegar i vikariat er ein viktig del av arbeidet som held fram i sjukehusa no. 

Presentasjon ALIS utdanning i foretakene

Protokoll med Dnlf







Fant du det du lette etter?