- Dette inneber at vi går over til meir eller mindre normal drift, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland. – Det har vore svært spesielt å vere i beredskap i 15 månader, og eg er glad for at vi no nærmar oss normalen – også her hjå oss. Eg vil nok ein gong takke alle på sjukehuset for innsatsen så langt.
Administrerande direktør Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass Diakonale Sykehus understrekar at det har vore femten uvanlege og krevjande månader.
- Eg vil nytte anledninga til å rette ei stor takk til alle tilsette for innsatsen så langt, seier Fyllingen. – Sjølv om vi ikkje er i mål med pandemien enno, er det ein viktig milepæl for oss alle å kunne avslutte beredskapen no.
Dei to sjukehusa i Bergen har hatt felles beredskapsmøte og eit tett samarbeid sidan byrjinga av pandemien. At sjukehusa no går ut av beredskap inneber blant anna at dei faste beredskapsmøta som har vore ein til to gonger i veka blir avslutta.
Haukeland og Haraldsplass sluttar òg frå og med onsdag med daglege rapporteringar på innlagde pasientar. Sjukehusa har for tida ingen innlagde pasientar, men vil oppdatere nettsidene sine dersom det kjem inn pasientar framover. Det vil ikkje lenger bli oppdateringar i helg.
Dei andre sjukehusa i Helse Vest-regionen gjekk ut av beredskap fredag. Det gjeld Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Førde.