Helsenorge

Haukeland og Haraldsplass i gul beredskap

Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sjukehus hevar beredskapen til gult nivå.

Det blei bestemt på felles beredskapsmøte tysdag morgon

Koronasituasjonen, mange RS-sjuke born og generelt stor innstraum av pasientar og høgt sjukefråver er årsakene til at sjukehusa no hevar beredskapen.

-             Vi er i ein krevande situasjon med stort press på kapasiteten vår og dei tilsette, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland. – Gult nivå inneber at situasjonen vi no står i må bli handtert med utvida innsats og eventuelt med ekstraordinære ressursar og tiltak, seier han vidare.

-             Vi har ein rekordhøg innstraum av øyeblikkelig hjelp-pasientar, med ein høg grad av luftvegsinfeksjonar, inkludert RS og Covid-19. Denne kombinasjonen med sjuke tilsette og tilsette med sjuke born gjer at vi ser alvorleg på situasjonen og går til gul beredskap.  Her samarbeider sjukehusa i Bergen for å møte det auka behovet, seier administrerande direktør Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Ventar endå fleire covid-pasientar

-             Prediksjonen vår for innlagde covid-pasientar tyder på at vi kan få opp mot 40 innlagte covid-sjuke dei neste to vekene. Vi vil og fortløpande vurdere om vi må gå opp eit trinn i pandemiplanen vår, slik at vi etablerer eigne pandemipostar, omdisponerer personell og går ytterlegare ned på planlagd aktivitet, seier Hansen.

Haukeland og Haraldsplass jobbar tett saman for å hjelpe kvarandre når pandemien utviklar seg, for å sikre innbyggarane gode helsetenester enten dei er koronasjuke eller har andre sjukdommar. ​

At sjukehusa går i gul beredskap får ikkje konsekvensar for besøksreglane. Gjeldane reglar for Haukeland ligg tilgjengeleg på www.helse-bergen.no https://helse-bergen.no/nyheiter/informasjon-om-timeavtale-og-besok-i-helse-bergen

For meir informasjon: 

Kjerstin Fyllingen er tilgjengelig for intervju frå kl. 10.00.

Kontakt Ingrid Færøyvik, kommunikasjonsdirektør 979 53 074


Eivind Hansen er tilgjengeleg for intervju frå klokka 13.00 tysdag.

Kontakt Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør 901 33 771