Kvalitetsprisen til Haraldsplass

Haraldsplass Diakonale Sykehus får kvalitetsprisen i Helse Vest for 2020. Sjukehuset har gjennomført eit formidabelt forbetringsarbeid knytt til uønskte hendingar i samband med legemiddelhandtering. Sidan 2015 har sjukehuset redusert talet på legemiddelfeil med 42 prosent på medisinske avdelingar.

Sykepleier Inger Lise Dahl forteller om innføringen av nye arbeidsprosesser knyttet til legemiddelhåndtering ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

​​Legemiddelfeil er ei av dei hyppigaste årsakene til uønskte hendingar og pasientskadar i helsetenesta, og har vist seg å vere eit svært krevjande område å forbetre. Haraldsplass har hatt ei heilskapleg tilnærming til å sikre at pasientane får rett medisin.

– Vi gratulerer Haraldsplass Diakonale Sykehus med ein velfortent pris for eit formidabelt arbeid. Det var mange gode kandidatar til prisen, men Haraldsplass utmerkte seg spesielt. Dei gode resultata deira vitnar om eit systematisk forbetringsarbeid over tid, som leiinga ved sjukehuset både har prioritert og lagt til rette for, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Kvalitetsprisen til eit heilt sjukehus

Det er første gongen at den regionale kvalitetsprisen går til eit heilt sjukehus. Arbeidet med å redusere talet på legemiddelfeil er gjort parallelt med planlegging og innføring av nye arbeidsprosessar i nye Haraldsplass sykehus.

Dette inkluderer blant anna nye arbeidsprosessar knytt til tildeling og kontroll av legemiddel. Ved å ta i bruk mobile legemiddeltraller med legemiddelskuff og eindosepakkar legemiddel har dei oppnådd ein reduksjon av legemiddelrelaterte uønskte hendingar på medisinske avdelingar med heile 42 prosent sidan 2015.

Ein stor del av pasientskadane knytte til legemiddel er feilmedisinering som følgje av feil i doseringa eller forveksling av legemiddel. Legemiddeltralla har elektronisk integrasjon med pasientjournalen og legemiddelkurva, noko som sikrar at riktig skuff blir opna når pasienten sitt armband blir scanna. Trallene har òg tilgang til oppslagsverk som Felleskatalogen med omtale av medisinar og bilete av tablettar.

Lege og stipendiat Kathinka Nordheim Alme forteller om Pasientens Legemiddelliste.

Lege og stipendiat Kathinka Nordheim Alme forteller om Pasientens Legemiddelliste.


– Å få denne prisen er ei stor anerkjenning av det gode arbeidet medarbeidarane på Haraldsplass gjer kvar dag. Endringane vi har gjort bidreg til betre samspel med pasientane, samtidig som medarbeidarane opplever ein ny arbeidsflyt. Ved å ta i bruk legemiddeltralla er dobbeltkontrollen flytta frå medisinrommet og ut til pasientane.

Sjukepleiaren har nødvendig utstyr for handa til å orientere pasienten og svare på spørsmål under legemiddelutdelinga. Pasienten blir involvert i større grad òg vil med auka kunnskap vere betre i stand til å følgje opp behandlinga etter utreise, fortel administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, Kjerstin Fyllingen.

Til inspirasjon og læring for resten av helsetenesta

Det går av nominasjonen fram at arbeidet er gjennomført som tverrfaglege forbetringsprosjekt der leiinga har ført an og vore ein aktiv og synleg del av arbeidet. Parallelt med prosjektarbeidet har fleire av medarbeidarane òg teke forbetringsutdanning.

– At forbetringsarbeidet har ført til kompetanseheving blant medarbeidarane gjennom deltaking i forbetringsutdanning gir eit godt grunnlag for vidare spreiing og implementering i avdelingar ved sjukehuset. Forbetringsarbeidet ved Haraldsplass vil vere ein inspirasjon for dei andre føretaka i Helse Vest og elles i landet, seier Bryne.¨

Sjå filmen frå Haraldspalss