Søndag blei det kjent at det blir innførd strenge tiltak i Bergen og mange av nabokommunane. Du finn ei komplett oversikt over tiltaka på heimesidene til Bergen kommune.
Etter eit beredskapsmøte søndag formiddag mellom Haukeland og Haraldsplass Diakonale Sykehus blei det bestemt at sjukehuset følger opp med følgjande tiltak:
Midlertidig besøksstopp
Det blir innført besøksstopp frå mandag morgon. Dette gjeld ikkje pasientar, besøkande til pasientar i livets siste fase, naudsynte ledsagarar og partnar/ledsagar til fødande, barselkvinner og barn. Naudsynte besøk må avtalast direkte med avdelingar. Det å kome til sjukehuset er rekna som ei nødvendig reise. Våre smittevernrutiner er til for at sjukehuset skal være ein trygg stad for alle som kjem behandling og kontroll. På Haukeland blir det innført skallsikring av alle bygg med vektarar i døra. Haraldsplass held fram med si skallsikring.
- Alle pasientar blir grundig screena når dei kjem til sjukehuset. Ved symptom, blir pasientane testa for Covid-19 og behandla med isolasjon og fullt smittevernregime inntil prøvesvar er klart, seier administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus, Kjerstin Fyllingen.
- For mange er det heilt avgjerande for eiga helse at dei kjem til oppsatt time. Dei skal vite at det er trygt å komme til sykehuset og at slike timeavtaler regnes som helt nødvendige reiser til og i Bergen, seier Hansen.
Har du symptomer på korona-smitte, har vært i nær kontakt med en smitta, sitter i karantene eller isolasjon, skal du kontakte sykehuset for å få ny time.