Helsenorge

Sjukehusapoteket på Haraldsplass har opna

Sjukehusapoteket på Haraldsplass er det første nye sjukehusapoteket i regionen sidan 80-talet. Onsdag 17. november blei dørene opna for første gong. 

Kjerstin Fyllingen og Jon Bolstad klippet snoren under åpningen av sykehusapoteket 17. november,
Kjerstin Fyllingen og Jon Bolstad klippet snoren under åpningen av sykehusapoteket 17. november.

Apoteket blir det 33. sjukehusapoteket i landet og det femte i regionen. Dermed er det sjukehusapotek på alle dei fem største sjukehusa i regionen: Stavanger, Haugesund, Haukeland, Haraldsplass og Førde.

Rundt lunsjtider kunne administrerande direktør for Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad og administrerande direktør for Haraldsplass Diakonale Sykehus, Kjerstin Fyllingen klippe snora og ønskje velkommen til det nye apoteket.

- Eg er kjempeglad. Vi har ønskt oss dette lenge. Saman skal vi utvikle dette til å bli eit mønsterapotek og håpar at mange kjem til å bruke det, sa administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, Kjerstin Fyllingen under opninga.

I tillegg til å ha eit apotekutsal for publikum vil det frå februar bli levert medisinar og apotekvarer til heile Haraldsplass frå ein ny sjukehusekspedisjon.

- Dette er eit kompakt apotek der vi skal prøve ut nye ting og utvikle moglegheitene saman med sjukehuset og dei tilsette, sa Jon Bolstad.

Det nye sjukehusapoteket ligg sentralt plassert rett innanfor døra ved den gamle hovudinngangen til sjukehuset, i kort avstand til den nye kantina og kaffibaren som nyleg opna for alle dei 900 medarbeidarane på Haraldsplass og dei nesten 1000 studentane ved VID vitskaplige høgskule.

- Eg er veldig fornøgd med plasseringa. Det er veldig trafikkert her, og det er mange poliklinikkar rundt her der pasientane får time og må gå forbi seier leiar for Sjukehusapoteket Haraldsplass, Kassim Adan.

Apoteket vil halde ope måndag til fredag frå 08.30 til 16.00 og alle som jobbar på Haraldsplass Diakonale Sjukehus får alltid 20 prosent rabatt på alle handelsvarer og reseptfrie legemidlar.