Tiltak i samband med mutert koronavirus

Sjukehusa på Vestlandet tar smittevern på alvor og har sett ned nye retningslinjer i samband med utbrotet av mutert koronavirus på Austlandet.

Dei nye rutinane gjeld frå 24. januar.

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane, og for dei det gjeld vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte. Dette gjelder pasienter som har vært i kommunene Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås,  Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Ræling, Råde og Skiptvedt i løpet av de siste 10 døgn. Oversikten over aktuelle kommuner vil bli oppdatert ved endringer.

For pasientar som skal til planlagd behandling vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg. Ein skal teste, om det er mogleg, og negativ test avsluttar utsetjinga.

Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom skal vere isolert og testast for Sars-cov2 smitte. Ved negativ test skal isolasjonen opphevas.

Det er og innførd nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der ein ikkje kan halde ein meter avstand skal både pasient og medarbeidarar nytte munnbind. Inntil vidare gjeld dette i to veker.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid (helsenorge.no):

  • Hald god avstand, helst to meter
  • Vask hendene ofte og grundig
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime
  • Ha kontakt med så få som råd