Pasientreiser

Viss du har vore til behandling, kan du søke om å få stønad til reisa. Om du treng tilrettelegging av transport for å komme deg til behandling, kan du ha rett til å få ei rekvirert reise.

​Midlertidig endring for pasientreiser med bil tek slutt

Nå går pasientreiser stort sett som før koronapandemien. For å søke om å få dekt tilleggsutgifter ved bruk av eigen bil av helsemessige grunnar, må ein derfor ha dokumentasjon frå behandlar, slik som regelverket seier. Det same gjeld viss du skal søke om å få stønad for reiser som går innanfor ei takstsone med offentleg transport. Dette gjeld når du skal søke om stønad for reiser frå og med 1. juni 2022. Dokumentasjonen frå behandlaren må vise at du måtte køyre bil på grunn av helsa di. Dokumentasjonen legg du ved søknaden for å få dekt tilleggsutgifter til bilferje, parkering, bom og piggdekk. 

Sjå meir om dokumentasjonsplikt på helsenorge.no​

Genereller reglar om pasientreiser

Hovudregelen er at du får dekt utgifter til pasientreisa di med eit fast beløp per kilometer (standardsats), uansett kva for transportmiddel du har brukt. Du må betala ein eigendel for reisa, viss du ikkje har frikort.  Reisa må vere lenger enn ti kilometer kvar veg, og gå over meir enn ei takstsone med offentleg transport. 
 
Du kan søke etter at reisa er gjennomført og innan seks månader etter behandlingsdatoen. 

Søk om å få stønad til reiseutgifter
Ved å logga deg inn på Helsenoreg, kan du søke digitalt om å få stønad til pasientreiser til og frå offentleg godkjent behandling. 
Viss du ikkje vil bruke den digitale tenesta, kan du søke om å få stønad til reiseutgifter ved å senda inn reiserekningsskjema på papir til Pasientreiser HF. Søknadsskjema på papir finn du hos behandlaren din eller på Helsenoreg. 
 
Behov for tilrettelagt transport?

Viss det er slik at du ikkje kan reise med offentleg transport anten på grunn av helsa di, eller av trafikale grunnar, og du ikkje kan bli køyrt, eller køyre eigen bil, då kan du ha rett til å få ei rekvirert reise. Det betyr at ditt lokale pasientreisekontor ordnar reisa for deg, og vel det transportmiddelet som er mest hensiktsmessig. Du betalar eigendel for slike reiser, om du ikkje har fritaksgrunn eller frikort.

Les meir her: Rekvirert pasientreise for tilrettelagt transport ​

Ved å logga deg inn i på helsenorge.no, finn du oversikt over, og informasjon om framtidige rekvirerte pasientreiser. Du kan også endre, avbestilla og stadfeste rekvirerte reiser. Etter kvart vil det òg bli mogleg å legga inn bestilling på rekvirerte reiser.  ​

Kontakt Pasientreiser

Har du spørsmål, treng hjelp til utfylling av søknad eller bestilling av reise? Ring pasientreiser på 05515.

Du finn meir informasjon om pasientreiser og rettane dine på helsenoreg.no

Helsepersonell og andre fagpersonar finn meir informasjon om pasientreiser på pasientreiser.no

Sist oppdatert 02.02.2023